Utleige av dyktig mannskap
Vi i Sjø-Makker spesialiserer oss på utleige av mannskap til oppdrettsnæringa. Vi er kjende for å vere dyktige, effektive og pålitelige. Som Global-GAP sertifiserte følgjer vi dei strengaste retningslinjene for miljøvern, dyrevelferd og arbeidstilhøve, og sikrar høge standardar for kvalitet og tryggleik. Vårt team har lang erfaring og kompetanse og vi strevar alltid etter å forstå og møte våre kundar sine spesifikke behov.
Hos oss er kundetilfredsheit vår høgste prioritet, og vi legg stor vekt på open og transparent kommunikasjon. Vi ønskjer å etablere langvarige samarbeid basert på gjensidig tillit og respekt. Om du trur at vi kan vere det rette firmaet for dykkar behov, nøl ikkje med å ta kontakt. Vi ser fram til å bidra til dykkar suksess i oppdrettsnæringa.


Bestill oppdrag hos oss
For å bestille oppdrag hos oss i Sjø-Makker, kan du enkelt fylle ut eit skjema via knappen nedanfor. Vi ser fram til å diskutere dykkar spesifikke behov og skreddarsy løysingar som passar dykkar krav. Vårt erfarne team står klart til å levere høg kvalitet og ei pålitelig teneste for å sikre at oppdrettsprosjektet dykkar blir ein suksess. Nøl ikkje med å ta kontakt for eit uforpliktande tilbod!